Desse vert med

Jarle Haugland

Generalsekretær i ImF

Frå hausten 2025 har Jarle Haugland vore tilsett som generalsekretær i ImF. Han har sjølv vakse opp i ImF, og seier at organisasjonen har vore viktig for forming av liv og tru. Jarle er også aktivt lokalt, og styreleiar i Mosby bedehus på Sørlandet. Han er oppteken av at ImF skal vera med og styrka det lokale arbeidet.

Me gler oss til «Bibel og fellesskap i teltet» laurdag og søndag, der Jarle talar over hovudtema «Invitert».
Jarle vil også halda seminar laurdag 1630 omkring «Alle stemmene som slåss om hjertet ditt – om å følge Jesus i en digital tid»

Cecilie Skår Holmgren

ImF-UNG/Awana

Astrid-Helene og Martin Fagerheim Eknes

Barneopplegg

Dei er aktivt med i det kristne barne- og ungdomsarbeidet i Kvinnherad, der dei bur. Astrid-Helene (28), som kjem frå Utåker, er m.a. leiar på Husnes søndagsskule. Martin (31) kjem frå Stranda i Nordhordland og har m.a. vore leiar for ungdomsklubbar og konfirmant-arbeid. Begge likar å engasjere seg i Alle saman-møter og familie-samlingar.

Tom Jarle Istad Kristiansen

Gospelnight

Tom Jarle er kordirigent med sterkt engasjement for kor og musikk. Han er kjent for sin unike evne til å inspirera og løfta både kor og publikum. Tom Jarle er Sørlending, men bur på Voss med familien. Han dirigerer fleire kor, mellom anna VossaGospel og Internasjonalt kor i Odda. Han dirigerer også fleire kor på Sørlandet. I vinter vart Hardanger Gospelkor oppretta, med Tom Jarle som initiativtakar.

Fredag kveld blir det Gospelnight på Brandøy, med Tom Jarle i spissen. Han har med seg fire-fem songarar og musikarar. Kvelden blir ei fin blanding av allsong og solosong. Å, kor me gler oss!

Program

Fredag

Frå 17.00
Innkvartering opnar

18.00
Grillbuffé ute

19.00
Kick off for barn i skulealder
Cecilie Skår Holmgren

20.00
Gospelnight i teltet
Tom Jarle Istad Kristiansen m.fl.

Open kafé heile kvelden

Laurdag

08.30-09.30
Frukostbuffé

09.50
Ti-på-ti bønn i peisestova

10.30
Bibel og fellesskap i teltet
Jarle Haugland

Barnas sommerfest i møtesalen
Cecilie Skår Holmgren

12.30
Lunsjbuffé

13.30
Misjonstivoli og misjonsløp (startar 15.00)

16.30
Seminartid
Jarle Haugland: «Alle stemmene som slåss om hjertet ditt – om å følge Jesus i en digital tid», møteteltet
Cecilie Skår Holmgren: «Trygge relasjonar i ung-arbeidet», møtesal


17.30
Middag

19.00
Alle-saman-møte i teltet
Cecilie Skår Holmgren

Open kafé, fest og basar utover kvelden.
Trekking av BRANDØY-lotteriet.

Sundag

08.30-09.30
Frukostbuffé

09.50
Ti-på-ti bøn i peisestova

10.30
Bibel og fellesskap i teltet
Jarle Haugland

Felles start med møte og nattverd i teltet. Barnas sommarfest fortset i møtesalen.

12.30-14.00
Fleximiddag