OVERNATTING

Internat Brandøy: Her prioriterer vi familiar med barn og andre som av ulike årsaker treng soverom på bygget. Vi har 25 rom på bygget, det er bad på alle rom. Her er flest 4-sengsrom (2 køysenger), men også nokre med 3 sengeplassar og 5 sengeplassar. Det er mogleg å ha ei ekstra madrass eller reiseseng på alle rom. I utgangspunktet tek du med sengetøy sjølv, men det er mogleg å leige her dersom du ynskjer.

Internat Lundeneset: Her er gode internatrom, både dobbeltrom og einerom med bad. Frå Lundeneset til Brandøy er det ca. 12 km. Dei som overnattar på Lundeneset køyrer til Brandøy og et måltida der. I utgangspunktet tek du med sengetøy sjølv, men det er mogleg å leige på Brandøy dersom du ynskjer. Innsjekk og utsjekk skjer på Brandøy.

Hytter på Brandøy: Her er tre hytter som kan brukast. Hyttene er av eldre standard, men heilt greie for overnatting og enkle måltid! Kjøleskap i alle hyttene, men komfyr berre i ei av dei minste hyttene. To hytter har fire sengeplassar kvar, og ei hytte har fem sengeplassar + moglegheit for madrass. I påmeldingsskjema kan du velje om du ønsker hytte så lenge dei er ledige. Her ønsker vi å fylle opp sengeplassane i hyttene slik at kapasiteten blir godt nytta.

Bubil: Parkering på tilviste plassar på Brandøy. Det vert lagt til rette for straum. Ta med eigen straumkabel på minimum 15m.

Båt: Moglegheit for å legge til med båt, men det er dessverre ikkje straum ved kaien.

Telt: På plenen er det god plass til telt! Her blir sett av eit avgrensa område der ein kan campe. Ein kan bruke toalett på fellesarealet på Brandøy, og eitt internatbad med dusj er tilgjengeleg.

PARKERING

Det er avgrensa med plass til parkering på Brandøy denen helga. Me oppmodar dykk difor til å parkere på grusbanen ved Bjoa skule. Me organiserer skyttel-transport mellom Brandøy og skulen.

ANNA SOM ER GREIT Å VITE

Møtetelt: Storsamlingane finn stad i møtetelt på grusbanen. Klarar vi å fylla eit telt for 400 personar? Det blir spennande å sjå, men her er altså god plass! Ved sida av stor-teltet er eit mindre telt der Sunnbok har salsstand, og her er også sitjeplassar.

Mat: Det er måltid til oppsette tidspunkt. Dei fleste måltida blir servert i matsalen, og her er godt med sitteplassar inne i salane. Grillbuffeen fredag kveld er i hovudsak ute, men med moglegheit for å sitje inne ved behov. Det er mogleg å kjøpe enkeltmåltid og du treng ikkje bestille på førehand.

Gjennom helga vil det vera open kiosk/kafe med moglegheit for å kjøpa kioskvarer, kaker og noko å bita i som t.d. pizza. Kiosken/kafeen er open etter frukost og utover dagen og kvelden når det ikkje er storsamlingar.

Resepsjonen er bemanna heile helga unntatt ved storsamlingane. Ta gjerne kontakt med ein møtevert om det skulle vera noko på den tida.

Betaling: Betaling for overnatting og mat vert gjort ved innsjekk i resepsjonen på Brandøy. Det kostar ikkje noko å kome på aktivitetar og møte.

Aktivitetar: Utanom programpostane i programmet håpar vi det finst noko for ein kvar smak! Her er tid for prat og fellesskap, og moglegheit for rusleturar eller fjellturar i nærmiljøet. Vi låner mykje duplo og lego for helga, så det kan byggast mykje kjekt! Ute er her trampoline, leikeplass, kanoar, trehjulssyklar, bademoglegheiter, bålplass, klatrevegg – moglegheitene er mange!

Rull til toppen